Framside ]  [ Aktivitetar ] 

Postvegmarsjen

Søndag 13.september 2009 vart postvegmarsjen i Ørskog arrangert for sjette gong.

Den 3 km lange marsjen gjekk som før frå postvòren i Amdamsfjøra, men i år gjekk han heilt fram til Samfunnshuset. Trass i det fine veret var det knapt 100 som fullførte, men regnet dagen før hadde kanskje skremt nokon frå å planlegge å bruke søndagen til dette.


Også i år vart både 3-årsmerket og 5-årsmerket delt ut til dei som hadde gjort seg fortent til det.

Her viser vi nokre glimt frå marsjen 2009 :

Startpunktet for marsjen er nede i fjøra på Amdam. Her med utsikt innover mot Vestre.

Etter dagar med regn, kom sola fram denne dagen og gjorde marsjen til ein fin tur.

Langs ruta var det mange tilskodarar, men dei så noko tvilande ut
når det gjaldt nytten av dette tiltaket.

På det høgste punktet på vegen var det høve til å skrive seg inn i boka til Idrottslaget.

I år var det innkomst i Samfunnshuset, og her kunne dei registrerte deltakarane
få sine merke og diplom.

Kulturminnedagen har si eiga side som du finn under "Aktivitetar", men sidan du er her no, kan du bruke denne snarvegen: Kulturminnedagar


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org